Arbeidet med Open Access

Open Access inneber at vitskaplege publikasjonar gjerast fritt tilgjengeleg på web. Forfattar eller opphavsmann beheld opphavsretten til publikasjonen, men gir brukarane løyve til å lese, laste ned, kopiere, distribuere, skrive ut, søke i eller lenke til fullteksten utan å forlange vederlag.

Kva gjer Unit LÅT på Open Access-feltet?

LÅT har fokus på desse hovudområda i arbeidet sitt med Open Access:

  • infrastruktur
  • strategi
  • informasjon

Døme på prosjekt og arbeid Unit LÅT er involvert i framover er:

  • Partnar i  PASTEUR4OA (EU-prosjektet.
  • Partnar i  OpenAIRE2020 (EU-prosjekt).
  • Revidere metadatahandboka.
  • Integrering av NORA i Cristin si nye søketeneste.
  • Nettverksbygging og informasjon

Kvifor Open Access?

  • fordi informasjon og kunnskap bør vere fritt tilgjengeleg
  • fordi forsking delast solidarisk med dei som ikkje har råd til å kjøpe tilgang til den
  • fordi forskinga er betalt med skattepengar
  • fordi Open Access bidrar til auka spreiing av forsking - òg til nye brukargrupper
  • fordi forfattaren ikkje seier frå seg alle rettane til publikasjonen til eit forlag.
Publisert 18. juli 2018 10:34 - Sist endret 10. sep. 2018 13:47